Krokantrøffel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein uopna «Krokantrøffel»sjokolade.

Krokantrøffel er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.

Produktet vart introdusert i 1937 og er sett saman av ei kjerne med krokanbitar som er dekt over med eit tynt lag mørk sjokolade.

Sjokoladen inneheld minst 45 % kakao og kvart eksemplar veg 42 gram.

Det blir berre produsert 170 000 eksemplar av denne sjokoladen i laupet av eit år. Dette gjer at ein stort sett finn han i kioskar med eit større utval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]