Kroken sokn i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kroken kyrkje
JernbanestasjonenNeslandsvatn

Kroken er eit sokn i Drangedal kommune sør i Telemark fylke med 1 144 innbyggjarar (2013). Kroken kyrkje blei vigsla som kapell i Drangedal sokn i 1910, men i 1988 fekk ho status som soknekyrkje då Kroken blei frådelt som eige sokn.[1]

Frå 1997 finst berre éin barneskule i soknet, Kroken skole, som ligg på Neslandsvatn, einaste tettstad og sentrum i bygda, snautt fire kilometer nord for kyrkja.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk blei innført som liturgisk språk i Kroken kyrkje 1926[2], men i 2010 blei det vedteke at kyrkja skal vere språknøytral.[3] Skulane i bygda gjekk over frå nynorsk til bokmål i 1996.[4][5]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. [2][daud lenkje]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. mars 2012, henta 20. november 2013 
  4. [3]
  5. [4]