Krokskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°4′25″ N 10°24′30″ E

Kart over Oslomarka med Krokskogen teikna inn.
Holsfjorden, ein fjordarm av Tyrifjorden i Buskerud, sett frå Krokskogen.
Foto: Siri Spjelkavik

Krokskogen eller Krokskauen er eit skogområde som er delt mellom kommunane Hole, Bærum, Ringerike og Oslo. Krokskogen omfattar området som i aust er avgrensa av Langlielva og vatnet Spålen, i nord av fylkesgrensa mellom Oppland og Buskerud, i vest Ringeriksbygdene og Tyrifjorden, E16 i sørvest og Bærumsbygdene i sør. Grensene mellom Bærumsmarka og Krokskogen følgjer bekken Fløyta slik at garden Kampen ligg på Krokskogen medan serveringsstaden Vensåssetra ligg i Bærumsmarka.

Høgste punktet er Oppkuven på 703,6 meter over havet. Andre høge toppar er Ringkolltoppen på 701,4 meter over havet og Gyrihaugen på 682,1 meter over havet.

Krokskogen vert rekna med til Oslomarka.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

I tidlegpermtida sprakk jordskorpa opp og lava strøymde ut over området. Krokskogen er bygd opp av lava frå minst 13 vulkanutbrott. Krokskogen-Kolsås-Nittedal lavaprovins vart danna i riftstadie seks. Dette utgjorde slutten på riftstadiet som starta i sør og enda lengst mot nord. Den innleiande riftinga kulminerte med straumar av rombeporfyrlava som dekte to tredjedeler av Oslofeltet. Krokskogstupet er bygd opp av rombeporfyr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

27. juni 2017 stogg Naturvernforbundet i Oslo og Akershus bygginga av en snaut to kilometer lang skogsbilveg innenfor Sørkedalen og Lommedalen;[1] "Daglig aksjoneres det nå mot byggingen", skreiv media på 5. juli 2017.[2]

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Kongevegen frå Oslo til Bergen vart ferdiggjort over Krokskogen i 1807 av Peder Anker.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire skildringar frå Krokskogen. Mellom dei

  • Asbjørnsen og Moe: Norske folkeeventyr, En sommernatt på Krokskogen[3]
  • Reidar Holtvedt, Historier fra Krokskauen, Gyldendal 1985. ISBN 978-82-05-16373-7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]