Krokusslekta
Krokusslekta | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Sverdliljefamilien Iridaceae |
Underfamilie: | Crocoideae |
Slekt: | Krokusslekta Crocus L., 1753 |
Krokusslekta (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10–20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5–10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkar ein safrankrokus (Crocus sativus).
Artar[endre | endre wikiteksten]
Det finst ei rekkje artar i krokusslekta. Registrerte i norsk natur er:[1][2]
- Vårkrokus (C. vernus, syn. C. scepusiensis, C. napolitanus, C. neapolitanus, C. heuffelianus), framandart, potensielt høg risiko (PH) i Framandartslista 2018[3]
- Snøkrokus (C. tommasianianus), framandart, låg risiko (LO)[3]
- Gulkrokus (C. ×luteus, syn. C. ×flavus, C. augustifolius × C. flavus), låg risiko (LO)[3]
- Begerkrokus (C. chrysanthus), framandart, ingen kjend risiko (NK)[3]
- Haustkrokus (C. speciosus), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO)[3]
Andre artar dyrka i Noreg:
- Solkrokus (C. angustifolius, syn. C. susianus)
- Blåbegerkrokus (C. biflorus)
- Septemberkrokus (C. kotschyanus, syn. C. zonatus)
- Iskrokus (C. niveus)
- Safrankrokus (C. sativus)
- Alpekrokus (C. versicolor)
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Vårkrokus i blomstring
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 208–209, 1164.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre krokusslekta». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 4. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Krokus» frå Wikipedia på dansk, den 23. mars 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (no) krokusslekta hos Artsdatabanken
- (en) krokusslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) krokusslekta hos Dyntaxa
- (en) krokusslekta hos ITIS
- (en) krokusslekta hos NCBI
- (en) krokusslekta hos The International Plant Names Index
- (en) krokusslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Crocus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Crocus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Crocus – detaljert informasjon på Wikispecies