Kromatisk skala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kromatisk)

Ein kromatisk skala er ein skala som berre består av halvtonetrinn, f.eks. c-ciss-d-diss osb. Dette gjer at ein oktav inneheld tolv etterfølgjande tonar. Innanfor likesvevande temperering finst det ingen grunntone i den kromatiske skalaen, då toneforholda er like uansett kva for tone ein startar på.

Frekvensforhold[endre | endre wikiteksten]

Frekvensane for to tonar med eitt oktavsintervall har forholdstalet 2. Ettersom alle halvtonar ved «normal», det vil seie temperert, stemming har same frekvensforholdstalet og talet halvtonetrinn i ein oktav er 12, er frekvensforholdstalet mellom to halvtonar = 1,059463....

Kromatisk skala i C: full oktav stigande og fallande

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]