Kromosom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Replikert og kondensert eukaryotisk kromosom i metafase. (1) Kromatid — éin av to identiske delar av kromosomet etter S-fase (2) Sentromer — punktet der to kromatid møtast (3) Kort arm (p-arm) (4) Lang arm (q-arm)

Eit kromosom er eit kompleks av omslått og organisert kromatin inni celler, og er samansett av DNA, protein og RNA.[1][2] Det informasjonsbringande makromolekylet er sett saman av dobbelstrenga DNA og inneheld gen, regulatoriske element og anna ikkje-kodande DNA (søppel-DNA). Dei DNA-bundne makromolekyla er protein og dei bidreg til å pakke inn og regulere DNA. Kromosom er veldig varierande i ulike artar, og somme har plasmid eller anna ekstrakromosomalt DNA attåt.

Samanpressing av dei dupliserte (doble) kromosoma ved mitose og meiose kan skapa ein firearma struktur (sjå bilete til høgre) viss sentromeren ligg midt på kromosomet; toarma viss den ligg nær ein av endane.[3] Kromosomal rekombinasjon under meiose spelar ei viktig rolle for det genetiske mangfaldet,[4] men strukturane kan feilkombinerast i høve av til dømes kromosomal instabilitet eller kromosomal translokasjon og føra til sjukdom.[5] Dette kan drive cella inn i mitotisk katastrofe og resulterande død. Viss cella likevel unngår apoptose kan det stundom føra til progresjon av kreft.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kromosomer, DNA og gener». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). 2014. Henta 2014-11-25. 
  2. Bøhle, Kristin. «Kromosomer, DNA og gener». NDLA.no (Nasjonal digital læringsarena). Henta 2014-11-25. 
  3. «Kromosom-armer og kromatider». Gensidene (Universitetet i Bergen, UiB). Henta 25. november 2014. 
  4. Aarnes, Halvor (4. februar 2011). «Rekombinasjon og mutasjon». Institutt for biotvitenskap (Universitetet i Oslo, UiO). Henta 25. november 2014. 
  5. «Telomerer og telomerase ved aldring og ved enkelte sykdommer» (PDF). Tese (Norges arktiske universitet). 2007. Henta 25. november 2014. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.