Hopp til innhald

Kronborg slott

Koordinatar: 56°2′21.142″N 12°37′10.099″E / 56.03920611°N 12.61947194°E / 56.03920611; 12.61947194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kronborg)

56°2′21.142″N 12°37′10.099″E / 56.03920611°N 12.61947194°E / 56.03920611; 12.61947194

Sjå òg bydelen Kronborg i Malmö
Kronborg slott

Kronborg slott
Foto: Ikiwaner
LandDanmark
Innskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000.
Referansenr. 696.
Kriterium:KULTUR (IV)
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffKronborg slott ved unesco.org

Kronborg er eit slott som ligg attmed Øresund, kring 1 km nordaust for sentrum i byen HelsingørSjælland i Danmark. Det vart i 2000 teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Grunngjevinga var at slottet vart sett på som eit eineståande døme på eit renessanseslott som har hatt mykje å seie for Nord-Europa opp gjennom historia.

Fredrik II av Danmark-Noreg lét byggja om mellomalderborga Krogen i 1574 og 1585 til Kronborgs slott, som òg er ein borg. Bygget ligg ytst på Sjælland, der Øresund er som smalast, og var ein maktfaktor i si tid med omsyn til å få krevja inn Øresundtollen, ei avgift som var lagt på skipsfarten gjennom Øresund.

Slottet er mest kjend for at William Shakespeare sitt skodespel Hamlet utspelar seg i «Elsinore» (Helsingør). For mange turistar er Kronborg difor «Hamletslottet».

I det nordaustre tårnet på slottet er det installert eit fyr, Kronborg Fyr.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]