Kronborg Fyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronborg slott sett frå Øresund. Fyret er i tårnet heilt til høgre i fotografiet.
Kronborg Fyr i det nordaustlege tårnet på Kronborg slott.

Kronborg Fyr er eit fyr som er installert 34 meter over havet i det nordaustre tårnet på Kronborg slott i Helsingør i Danmark.

Soga om fyret[endre | endre wikiteksten]

Avgjerda om å etablere eit fyr på Kronborg slott har bakgrunn i ei utgreiing som kommandørkaptein (seinare viseadmiral) Andreas Lous gjorde i 1768 om å få til ein tryggare skipsfart gjennom Øresund. Han gjorde framlegg om å byggje to fyr på Nakkehoved ved Gilleleje og eit fyr i det nordaustre tårnet på Kronborg slott.

Til skilnad frå dei to Nakkehoved Fyr, stod fyret i tårnet på slottet ferdig til bruk allereie i 1770, og var i motsetnad til dei (der ljoset kom frå glødande kol i opne jarnkorger på toppen av tårna) eit lampefyr sett saman av tre-fire oljelamper med veik og med blankpolerte messingplater attom for å kaste ljoset ut over sjøen gjennom dei seks vindauga i tårnet. Dei to fyra på Nakkehoved og fyret på Kronborg slott vart tent samstundes 1. april 1772 i medhald av ei forordning frå 26. desember 1771, som òg fastsette at fyravgifta i Øresund skulle aukast med ein tredel. Men flesteparten av dei sjøfarande godtok ikkje avgiftsauken. I ein freistnad på å truge og tvinge avgiftsauken gjennom, vart det gjeve ei forordning som fastsette at fyra ville verte sløkka 1. desember 1772, og ikkje ville verte sett i drift att før avgiftsauken vart godteke.

Men avgiftsauken vart likevel ikkje godteke, og det gjekk 28 år før fyra kom i drift att. Takka vere Poul Løvenørn, som gjorde ei utgreiing der han oppmoda om at dei tre fyra vert sett i drift att, vart både Nakkehoved Fyr og Kronborg Fyr sett i drift att i 1800. Store utbetringar og endringar var då gjort på både Nakkehoved og på Kronborg. På Kronborg hadde den øvste parten av tårnet vorte fjerna, og det var montert ei lanterne med lampe og spegel. I 1842 vart fyret det fyrste i Danmark som fekk ei linseapparat, som i 1878 vart skifta ut med eit nytt linseapparat med roterande overstykke og raude glas, slik at fyret ljoste skiftevis raudt og kvitt. I 1925 vart Kronborg Fyr omgjort til vinkelfyr, det vil seie at skipa fekk synt den rette leia i sundet ved sektoren med det kvite ljoset frå fyret, medan grønt og raudt ljos synte på kva side av den kvite ljosvinkelen skipet låg på. Brennaren vart samstundes skifta ut med ei elektrisk glødelampe, og ljosstyrken vart på 14679 candela.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]