Kronborg i Malmö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bobergsängen i bydelen Kronborg
Själlandstorget («Sjællandstorget») i Kronborg sett frå Pildammsparken.

Kronborg er eit bustadområde i Västra Innerstaden i Malmö i Sverige som har fått namn etter Kronborg slott i Helsingør i Danmark. Namn på gater og kvartal i bydelen har òg vorte henta frå Danmark på liknande måte.

Bustadsområdet vart utbygd på andre halvparten av 1940-talet og frametter, hovudsakleg med bustadblokker i fire til seks høgder, og dessutan eit punkthus på fjorten høgder. Dei fleste blokkene er eigd av bostadsrättsföreningar, som er den svenske versjonen av det som i Noreg vert kalla burettslag. Mellom blokkene er det vide grasflater.

I området ligg det fleire skular, mellom anna Parkskolan og friskulane Bladins internationella skola, Humfryskolan og 4ans Gymnasium.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]