Kurkijoki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kronoborg)
Kronoborg kommune i den del av Viborgs län som tillföll Ryssland 1944.

Kurkijoki (russisk Куркиёки, svensk Kronoborg, finsk Kurkijoki) er ein tettstad i Lakhdenpokhja rajon i russisk Karelia. I 1996 hadde han 1 220 innbyggjarar.

Før 1944 var Kronoborg ein finsk kommune i Viborgs län. I 1939 hadde denne 10 032 innbyggjarar.

I nødsåra 1867–1868 byrja svensktalende nybyggere frå Österbotten å slå seg ned i Kronoborg. Dei grunnla ei ny bygd ved namn Sorjos (finsk Sorjo) inni skogen. Mot hundreårsskiftet utgjorde nybyggjarane ein koloni på rundt 200 personar. Kolonien var lenge ei svensk språkøy i det elles finskspråklege Karelen. Sorjos hadde eigen svenskspråkleg skule i åra 1890–1940.

I Kronoborg låg den finskspråklige Kronoborgs högre landtbruksläroverk.

Elisenvaara var eit viktig jernbaneknutepunkt i Kronoborg. Det vart bomba under den finske framhaldskrigen den 20. juni 1944. Over hundre menneske døydde då bombene trefte eit tog med karelske flyktningar.

Kjende personar frå Kurkijoki[endre | endre wikiteksten]