Kronohagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kronohagen
bydel
Sofiankatu street in evening in Kruununhaka, Helsinki, Finland, 2022 April.jpg
Land Flag of Finland.svg Finland
Del av Estnäs
By Helsingfors
Areal 0,57 km²
Kjelde www.aluesarjat.fi
Folketal 7 037 (2012)
Folketettleik 12 346 / km²
Postnummer 00170

Kronohagen
60°10′20″ N 24°57′23″ E
Kruununhaka-Kronohagen.sijainti-läge.svg
Wikimedia Commons: Kruununhaka

Kronohagen (finsk Kruununhaka) er ein bydel i Helsingfors og ein del av Estnäs distrikt. Kronohagen ligg i sentrum av Helsingfors. Namnet kjem frå ei eng der hestar som tilhøyrde krona beita, ved noverande Fredsgatan. Kronohagen har vore administrativt sentrum for Helsingfors sidan byen blei flytt dit i 1640 frå Gammelstaden

I Kronohagen ligg fleire viktige stader, særleg Senatstorget med hovudbygningen til Helsingfors universitet, Helsingfors domkyrkje og Statsrådsborgen. I Kronohagen ligg også det finske presidentpalasset, rådhuset, Finlands bank, Ständerhuset og Riddarhuset. Helsingfors universitet har fleire institusjonar i Kronohagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]