Regent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kronprinsregent)

Regent er ein fungerande herskar i eit monarki. I eit monarki regjerer vanlegvis regenten medan monarken er fråverande, uskikka eller mindreårig. I Finland og Ungarn fungerte militære offiserar som regenter når regenten var fråverande, medan regenten på Island representerte Kongen av Danmark inntil landet vart republikk i 1944.

I San Marino, som er ein sjølvstendig liten republikk heilt omringa av Italia, er forfatninga slik at såkalla «kapteinregentar» (italiensk Capitani Reggenti) saman alltid er landet sine statsleiarar. Desse er ingen eigenlege regentar, men to ko-presidentar med ein valperiode på seks månader om gongen, sidan ordninga i landet har vore slik i fleire hundre år.

I Noreg er kronprinsen regent når kongen er utanlands eller sjuk. Kronprins Olav var kronprinsregent frå 1955 til Kong Haakon VII døydde i 1957. Kronprins Haakon var kronprinsregent i Kong Haralds sjukdoms- og rekonvalesensperiode i 2003–2004, og heldt såleis også nyttårstalen det året.