Kongeleg resolusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kongeleg resolusjon er ei avgjerd teken av Kongen i statsråd.

Etter norsk statsskikk skal mange av dei viktigaste avgjerdene formelt gjerast av «Kongen i statsråd». I denne samanhengen er statsråd det formelle møtet der regjeringa, leia av Kongen, er samla på Slottet. Normalt skjer dette kvar fredag klokka 11.00. Avgjerdene som blir gjort av regjeringa samla i statsrådet under leiing av Kongen, blir kalla kongelege resolusjonar.

Når Kronprinsen leier statsrådet blir resolusjonane som blir gjort kalla Kronprinsregentens resolusjonar (etter Grunnloven § 41).

Når unntaksvis verken Kongen eller Kronprinsen deltek i avgjerder som skal takast av «Kongen i statsråd», held ein møtet i statsrådssalen på statsministeren sitt kontor, eller unntaksvis i statsrådssalen på Stortinget. Vedtak som blir gjort på eit slikt møte blir kalla regjeringas resolusjonar.