Hopp til innhald

Krontyrannfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krontyrannfamilien
Krontyrann, Onychorhynchus coronatus
Krontyrann, Onychorhynchus coronatus
Utbreiing
Utbreiinga av krontyrannfamilien
Utbreiinga av krontyrannfamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Parvorden: Tyrannida
Familie: Krontyrannfamilien Onychorhynchidae
Tello, Moyle, Marchese & Cracraft, 2009

Krontyrannfamilien (Onychorhynchidae) er ein biologisk familie av sporvefuglar som tidlegare blei rekna som ein del av tyrannfamilien. Familien finst frå det sørlege Mexico over store delar av Sør-Amerika sørover til søraustre Brasil.

Dei sju artane i familien er små til mellomstore fuglar med ein sylindrisk til oval kropp og ei fjørdrakt som er brunleg, raudbrun, beige, oransje og grå. Vengene og stjerten er middels lange. Hovudet er relativt stort, halsen er kort og tjukk. Nebbet er rett og kraftig, og ytst på overnebbet har nokre artar ein liten krok. Ved basisen av nebbet sit det børsteliknande fjører. Beina er korte og føtene små. Fuglane sit gjerne i ein relativt oppreist posisjon. Hannane er som regel meir fargerike enn hoene.

Leveområde og levevis

[endre | endre wikiteksten]

Artane i krontyrannfamilien er skogsfuglar og lever i tropiske regnskogar, i fjellskog (tåkeskog), og i Mellom-Amerika også i meir eller mindre opne tørre skogsområde. Dei et hovudsakleg virvellause dyr. Det finst lite kunnskap om hekkinga deira, men dei er truleg monogame og bygger store, kuleforma hengereir med ei indre kammer og ein sideinngang. Reiret inneheld som oftast to egg. Rugeperioden varer mellom 14 og 24 dagar, og ungane klekkjer etter 25 til 30 dagar.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Onychorhynchus

[endre | endre wikiteksten]

Desse fuglane har ein kraftig og fargefull fjørtopp som berre sjeldan blir reist opp som ein parasoll. Dei har uvanleg lange fjørbustar ved nebbrota. 15-17,5 cm i kroppslengd.

  • Høvdingtyrann, Onychorhynchus swainsoni, Atlantic Royal Flycatcher, (Pelzeln, 1858), (VU)
Finst i atlanterhavsskogen, sørlegste Brasil.
  • Krontyrann, Onychorhynchus coronatus, Tropical Royal Flycatcher, (Müller, PLS, 1776), (LC)
Lever frå sørlegste Mexico gjennom Mellom-Amerika til Amazonas der han har utbreiing i ni land.

Fuglane i denne slekta har svarte halar og ein lys gul overgump. Dei har store auge og breitt nebb. Reiret er gjerne hengt opp over ein vasstraum. Dei lever frå sørlege Mexico til sørlege Brasil.

  • Brunbrysttyrann, Myiobius villosus, Tawny-breasted Myiobius, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Svovelgumptyrann, Myiobius sulphureipygius, Sulphur-rumped Myiobius, (Sclater, PL, 1857), (LC)
  • Solgumptyrann, Myiobius barbatus, Whiskered Myiobius, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
  • Svartstjerttyrann, Myiobius atricaudus, Black-tailed Myiobius, Lawrence, 1863, (LC)

Terenotriccus

[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein art, 9-14 cm lang med kort hals, store auge og duse fargar. Finst frå sørlegste Mexico gjennom Mellom-Amerika til vid utbreiing over Amazonas.

  • Raudstjerttyrann, Terenotriccus erythrurus, Ruddy-tailed Flycatcher, (Cabanis, 1847), (LC)
  • Første versjon av denne artikkelen var baset på «Onychorhynchidae» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2025.
  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 294-296 Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  • Billerman, S. M. (2024). Royal Flycatchers and Allies (Onychorhynchidae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rfaall1.01

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Krontyrannfamilien