Krosskyrkja i Oslo

Koordinatar: 59°54′34.614″N 10°46′8.4576″E / 59.90961500°N 10.769016000°E / 59.90961500; 10.769016000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′34.614″N 10°46′8.4576″E / 59.90961500°N 10.769016000°E / 59.90961500; 10.769016000

Krosskyrkja i Oslo

Ruinen av Krosskyrkja
Foto: Helge Høifødt
Kart
Krosskyrkja
59°54′25″N 10°46′10″E / 59.907°N 10.7695°E / 59.907; 10.7695

Krosskyrkja var ei lita kyrkje for den nordlege delen av Oslo i mellomalderen. Ruinane av kyrkja er i Ruinparken i Gamlebyen.

Det finst ikkje sikker kunnskap om når kyrkja vart bygd. At kyrkja ikkje er nemnd i kjeldene om kampane i Oslo i 1240 mellom kong Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson, tyder på at ho er yngre. I 1989 vart det funne ein runepinne, datert til første halvdelen av 1200-talet, der ein finn namnet Krosskyrkja, og det tyder på at kyrkja kan vere eldre enn 1240. Då kyrkja vart bygd, låg ho heilt nord i den tette byen, for bymessig busetnad nord for kyrkja kom i andre halvdelen av 1200-talet og på 1300-talet.

Krosskyrkja hadde inngang frå vest, frå kyrkjegarden. I tillegg fanst ein inngang direkte til koret frå sørsida. Ruinen inneheld dei nedste delane av sørportalen i koret, og ein kan sjå restar av det opphavelege altarfundamentet. Rundt kyrkja finst restar av kyrkjegardsmuren.

Området med ruinen var ein del av St. Halvards plass inntil 1918, då bystyret vedtok å anleggje Minneparken (opna i 1932, òg kalla Ruinparken). Arkitekt og arkeolog Gerhard Fischer leia utgravingar på 1920-talet, der Krosskyrkja vart avdekt i 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]