Krossli

Koordinatar: 59°21′49.0″N 8°09′14.5″E / 59.363611°N 8.154028°E / 59.363611; 8.154028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°21′49.0″N 8°09′14.5″E / 59.363611°N 8.154028°E / 59.363611; 8.154028 Krossli er ei lita bygd heilt sør i Tokke kommune i Telemark. Bygda ligg der Fv355 og Fv38 møtest, og der dei tre kommunane Tokke, Fyresdal og Kviteseid møtest. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Austheii og Bandaksli i Tokke og Skredosen og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar.