Krossmesse om hausten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphøgjinga av krossen, freske av Piero della Francesca i San Francesco i Arezzo.

Krossmesse om hausten, latin exaltatio crucis, er ein kristen merkjedag 14. september. Primstavteiknet er ein stor kross.

Opphavleg var dagen feira til minne om at Jesu kross i år 629 vart vunne attende frå persarane og attreist på Golgata. I norsk tradisjon var krossmesse lenge nytta i folkeleg tidsrekning. Til denne dagen skulle haustonna vere ferdig, feet skulle vere tekne heim frå setra, gjerde kunne takast ned og grindar kunne opnast.

Opphøginga av krossen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]