Krossvedslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krossvedslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Viburnaceae
Slekt: Krossvedslekta Viburnum
L., 1753

Krossvedslekta (Viburnum) er ei planteslekt i moskusurtfamilien.

Artane i slekta er lauvfellande eller eviggrøne buskar og små tre. Årsskota er glatte eller hårete. Vinterknoppane har skjold eller er nakne. Blada er motstilte og kan vera heile, eller ha tre eller fem flikar. Blomestanden er ein kvast eller halvskjerm. Blomane er små, femtalige og tvikjønna. Av og til sit det store, sterile blomar ytst i blomestanden. Frukta er ei raud eller svart steinfrukt med storleik som eit bær.[1][2]

Dei fleste artane finst i tempererte område på den nordlege halvkula, men nokre av dei veks i tropiske fjellområde i Mellom- og Sør-Amerika og Søraust-Asia. I Afrika finst dei i nordvest.[3] Det er tre europeiske artar: Krossved, filtkrossved og laurbærkrossved. Berre krossved veks naturleg i Noreg, men filtkrossved finst forvilla fleire stader.[4]

I tillegg til krossved og filtkrossved blir mange artar frå andre verdsdelar dyrka i norske hagar, mellom anna koreakrossved, marskrossved og vinterkrossved.[5][2]

Krossvedslekta blei tidlegare rekna til kaprifolfamilien (Caprifoliaceae). Fylogenetiske studiar viste at Viburnum var ei søstergruppe til alle andre arter i moskusurtfamilien, og nokre systematikarar har plassert dei i ein eigen krossvedfamilie (Viburnaceae).[3]

Slekta har truleg oppstått og utvikla seg i fjellskogane i Søraust-Asia. Fleire linjer har spreidd seg herfrå til dei tempererte delane av Asia. Dei har vandra vidare vestover til Europa og austover ved hjelp av Beringlandbrua til Amerika og derfrå vidare sørover til tåkeskogane i Andes. Skiftet frå tropisk til temperert klima har fleire gonger medført at bladforma har endra seg frå elliptiske, heilranda blad til flika og tanna.[6][7]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Viburnum». Flora of China. Henta 30. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Olvon». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 12. juli 2022. Henta 30. desember 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Viburneae». APWEbsite. Henta 23. oktober 2019. 
  4. «Viburnum». Flora Europaea. Henta 30. desember 2014. 
  5. Det Norske hageselskap (1998). Hageselskapets sortsliste (9 utg.). Grøndahl Dreyer. s. 68–71. ISBN 82-504-2454-9. 
  6. W.L. Clement og M.J. Donoghue (2011). «Dissolution of Viburnum section Megalotinus (Adoxaceae) of Southeast Asia and its implications for morphological evolution and biogeography» (PDF). International Journal of Plant Sciences 172 (4): 559–573. ISSN 1537-5315. doi:10.1086/658927. 
  7. S.B. Schmerler m.fl. (2012). «Evolution of leaf form correlates with tropical–temperate transitions in Viburnum (Adoxaceae)». Proceedings of the Royal Society B 279 (1744): 3905–3913. ISSN 1471-2954. doi:10.1098/rspb.2012.1110. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krossvedslekta