Kryohydrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kryohydrat er ei blanding av eit salt og is i eit spesielt blandingsforhold.

Om ei fortynna løysing av til dømes koksalt og vatn, frys først vatnet ut som rein is, men når ein når −21,3 °C er nådd, fryser (krystalliserast) den flytande blandinga, som då har eit karakteristisk blandingsforhold, evtektisk blanding. Ei slik blanding av is og salt trudde ein tidlegare var ei kjemisk sambinding. Derav namnet kryohydrat. Ei kuldeblanding er gjerne eit kryohydrat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

kryohydrat. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kryohydrat