Kryperom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kryperom er eit luftrom mellom den nedste etasjeskiljaren i eit hus og bakken, avgrensa på sidene av ein ringmur eller delemur. Det er vanlegvis ventilert med uteluft og er særleg brukt som alternativ til golv på grunnen for bustader med sokkeletasje i skrått terreng.

Kryperom finst særleg i norske bustader frå 50- og 60-tallet, men er også brukt ein del i hytter. På grunn av mange råteskadar i hus med kryperom, bruker ein no kryperomsløysninga sjeldnare.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kryperom». Store norske leksikon. Henta 9. februar 2020.