Kryptering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kryptert og delvis dekryptert brev frå 1500-talet.

Kryptering er det å omforma data slik at informasjonen dei inneheld ikkje utan vidare kan lesast av ein utanforståande tredjepart. Kryptering kan vera viktig innan krigføring og etterretning, men stadig meir også i kvardagslivet der det hindrer sensitiv elektronisk informasjon frå å havna hos feil person. Kryptering er ein del av faget kryptografi.

Det finst mange måtar å skjula innhald i meldingar på. Ein kan omforma det ved hjelp av mediet ein bruker til å overføra meldinga, omforma henne til ny teikn eller kodar som ikkje utan vidare kan tydast, eller skjula at det i det heile tatt dreier seg om ei melding. Det er blitt utvikla mange tabellar, system og mekaniske og digitale innretningar som kan brukast til å kryptera.

Metodar[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av ein skytale.

Krypteringsmåtar som er kjende frå antikken er mellom anna skytale, stokkar med lik diameter som ein tvinna lêrstrimlar rundt og skreiv meldingar på. Meldingane kunne berre lesast og autentiserast av den som hadde ein stokk med same diameter.

Steganografi[endre | endre wikiteksten]

Steganografi går ut på å skjula sjølve meldinga frå utanforståande. Døme på dette er mellom anna å skriva inn ei viktig melding i treet på ei vokstavle og deretter fylla henne med voks og skriva ei uskuldig melding oppå. Ein annan måte, skildra av Herodot, gjekk ut på å tatovera informasjon på hovudet til ein barbert slave og deretter la håret veksa ut før han blei send av stad med meldinga. Usynleg blekk er ein annan måte å skjula ei melding på for andre enn dei som veit at ho er der og kan få henne synleg.

Meldingar kan gøymast i klartekst der berre visse bokstavar utgjer den hemmelege meldinga. Ei form for dette blir kalla null-chiffer. Krypteringa kan gå ut på at berre første- eller sistebokstaven i kvart ord dannar meldinga, eller ein kan ha eit meir komplisert system som å bruka første bokstav i første ord, andre bokstav i andre og så vidare. I Bacon-chiffer bruker ein ulike skrifttypar (som vanleg og kursiv) til å skjula ei melding i klårtekst.

Transposisjon[endre | endre wikiteksten]

Transposisjon med Cæsar-kode.

Ein utbreidd krypteringsmåte er transposisjon, der skriftsymbol blir bytta ut med andre etter eit visst mønster. Den såkalla Cæsar-koden bytter ut kvar bokstav i eit alfabet med ein bokstav på ein fast annan plass i alfabetet, til dømes tre plassar etter. Denne metoden skal ha blitt brukt av Cæsar og Augustus.[1] I den hebraiske krypteringa atbash, som mellom anna er brukt i Jeremias bok, bytter ein ut klartekst-bokstavar med den motsvarande bokstav i alfabetet snudd baklengs.[2] I ein metode skildra i det indiske oldtidsverket Kamasutra lagar ein tilfeldige par av bokstavar og bytter dei ut med kvarandre når ein krypterer.[3]

Teikning av chifferdisken til Alberti.

Ved ei meir komplisert form for transposisjon kan ein følgja fleire ulike transponeringsreglar i éi melding. Denne metoden blei utvikla i mellomalderen og heilt fram til 1900-talet. Han er mellom anna kjend som polyalfabetisk chiffer, Vigenère-chiffer eller le chiffre indéchiffrable ('den udechiffrerbare koden').

Bytte av reglar kan følgja eit tidlegare fastlagd mønster, følgja eit nøkkelord, ei viss bok eller ein eingongsnøkkel, eller bruka mekaniske innretningar. Ein chifferdisk utvikla av Leon Battista Alberti nytta to runde metalldiskar med alfabet rundt kantane som kunne dreiast i høve til kvarandre for å gje ulike transposisjonar. Ein elektro-mekanisk versjon av denne maskinen, ein rotormaskin, blei utvikla på 1900-talet og blei brukt i krypteringsmaskinar som Enigma og Lorenz.

Substitusjon[endre | endre wikiteksten]

Frimurar-rutesystem

Substitusjon går ut på bruka andre teikn enn vanlege bokstavar til å laga den krypterte meldinga. Bokstavar eller andre einingar i klarteksten blir bytta ut med visse symbol. Maria Stuart brukte eit symbolsystem kombinert med særskilde kodeord på 1500-talet.[4] Frimurarchiffer som erstatta bokstavar med symbol frå ulike rutesystem blei brukt av frimurarar på 1700-talet.[5]

Asymmetrisk kryptering[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av datamaskinar gjorde at ein kunne utvikla meir kompliserte kryptosystem. Asymmetrisk kryptering skil seg frå tidlegare symmetriske krypteringsmetodar ved at ein bruker ulike nøklar til å kryptera og til å dekryptera. Denne krypteringsforma blei utvikla på 1970-talet, med ei viktig utgjeving av Whitfield Diffie, Martin Hellman og Ralph C. Merkle i 1976. Ho blir ofte brukt til offentleg nøkkelkryptering, der éin nøkkel er offentleg kjend og éin er privat. Nokre utbreidde krypteringsalgoritmar er RSA, Data Encryption Standard (DES) og Advanced Encryption Standard (AES).

Moderne steganografi[endre | endre wikiteksten]

Med moderne teknologi kan ein skjula eit bilde inni eit anna bilde.

Moderne teknologi har gjort det mogleg å kamuflera meldingar på nye måtar. Etter andre verdskrigen blei det utvikla såkalla mikroprikkar, som berre kunne lesast ved hjelp av eit mikroskop, og som kunne skjulast til dømes som eit punktum eller ein prikk i eit bilete eller ein uskuldig tekst.

Datateknologi kan skjula meldingar i bilete-, lyd- og videofiler der fila kan brukast på vanleg måte, men særskild programvare kan skilja ut den skjulte meldinga eller bildet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sveton, De vita Caesarum
  2. Paul Y. Hoskisson, «Insights 30/1 (2010) > Jeremiah's Game», maxwellinstitute.byu.edu
  3. Bauer, Friedrich L. (2002). Decrypted Secrets: Methods and Maxims of Cryptology (3rd utg.). Springer-Verlag. s. 45. ISBN 3-540-42674-4. ; Singh, Simon (1999). The Code Book. Anchor Books. s. 9. ISBN 0-385-49532-3. 
  4. «Mary Queen of Scots», simonsingh.net
  5. «Pigpen Cipher», simonsingh.net
  • «Kryptering» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.
  • «Steganografi» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.
  • Eilertsen, Øyvind. «Kryptografi» (14. februar 2009), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]