Kryssaren «Murmansk»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kryssaren «Murmansk» på grunn ved Sørvær i 2002, før demonteringa som fann stad i 2012.

«Murmansk» er ein kryssar av Sverdlov-klassa som tenestegjorde i den Sovjetrussiske nordflåten. Skipet vart sjøsett den 22. september 1955 og var i teneste fram til 1989. I 1994 vart «Murmansk» seld til India for opphogging. Medan det var på slep, sleit skipet seg og rann på grunn ved Sørvær i Finnmark.

Det har vore diskusjonar om kryssaren «Murmansk» inneheld radioaktive miljøgifter, eller ikkje[1]. Arbeidet med å få fjerna vraket starta i 2009 og skal vere ferdig innan 2011. I revidert nasjonalbudsjett sette regjeringa av 328 millionar kroner til fjerninga av vraket.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. aftenposten.no: Ny gjennomgang av miljøgiftene i Murmansk
  2. abcnyheter.no: 328 mill. for å fjerne vrak

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kryssaren «Murmansk»