Hybrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kryssing)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hybrid av sebra og esel.

Hybridisering er ein biologisk prosess der individ som er genetisk ulike dannar avkom gjennom kjønna formeiring.[1] Teknisk sett er alt avkom av kryssingar mellom ulike individ hybrid, men ein nytter gjerne omgrepet om kryssingar mellom ulike artar eller underartar.[2] Ordet «hybrid» kjem frå latin hybrida, 'bastard'.[3]

Innan eksperimentell genetikk nyttar ein omgrepet synonymt med ein heterozygot og visertil avkom av genetisk ulike foreldre, til dømes mellom to innavla linjer av laboratoriemus. Innan taksonomi definerer ein ein hybrid som avkom mellom genetisk differensierte populasjonar eller artar av plantar eller dyr. Avkommet mellom ulike grupper innan ein art (slik som hund og ulv) blir kalla for ein bastard.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rieger, R., Michaelis, A., & Green, M. M. (2012). Glossary of genetics and cytogenetics: classical and molecular. Springer Science & Business Media. ISBN 978-3642963278
  2. Hybrid: biologi (2013, 14. mai), Store norske leksikon. Henta 7. juli 2013.
  3. «hybrid» i Nynorskordboka.
  4. Mallet J. 2005. Hybridization as an invasion of the genome. Trends in Ecology and Evolution 20: 229-237.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.