Krystallglas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Krystallglas (òg kalla blyglas) er ein type glas som har ein annan kjemisk sammensetning enn vanleg glas. Det har vore vanleg å framstille krystallglas med blyoksid (PbO) i staden for natriumkarbonat, noko som gjer at tettleiken til glaset vert auka, og lysbrytningsegenskapene vert endra. I dag er det, av helsemessige årsaker, vanlegare å bruka bariumoksid, sinkoksid eller kaliumoksid.

Krystallglas er òg litt blautare enn vanleg glas, og er difor lettare å omarbeida. Krystallglas med ekstra høgt blyoksid-innhald vert kalla flintglass, og vert brukt i linse-optikk.