Kryvbas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Kryvbas

Kryvbas (ukrainsk Кривбас), eller det fulle namnet Kryvorizkyj jernmalmbekken, ukrainsk Криворізький залізорудний басейн) er eit økonomisk viktig område sentralt i Ukraina, som er spesialisert på jernmalmgruver og stålindustri. Det er utan tvil det største jernmalmområdet i Aust-Europa. Det er kalla opp etter byen Kryvyj Rih og dekkjer søraustlege delar av Dnipropetrovsk oblast og ein liten del av naboområdet Kirovohrad oblast.

Regionen har store førekomstar av jernmalm og andre metall. For å utvinne desse vart fleire store gruveselskap grunnlagd her på midten av 1900-talet. Dei fleste av dei held til i sjølve Kryvyj Rih, som er den lengste byen i Europa.

Kryvorizhstal (i Kryvyj Rih) er det største stålselskapet i regionen (og heile Ukraina), og har ikkje berre malmanlegg, men òg eit stort stålverk (det einaste i byen). Andre malmselskap forsyner råmateriale til anten Kryvorizhstal eller stålverk utanfor regionen (som Dnipropetrovsk).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kryvbas» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.
  • Гірничий енциклопедичний словник, т. 3. / За ред. В. С. Білецького. — Донецьк: Східний видавничий дім, 2004. — 752 с. ISBN 966-7804-78-X (ukrainsk)