Krzysztof Komeda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krzysztof Komeda

Statsborgarskap Polen
Fødd 27. april 1931
Poznań
Død

23. april 1969 (37 år)
Warszawa

Yrke komponist, jazzpianist, filmmusikkomponist, plateartist, laryngologist
Språk polsk
Medlem av Komeda Quintet, Sekstet Komedy
Ektefelle Zofia Komedowa
Nettstad https://www.komeda.pl/
Krzysztof Komeda på Commons
Krzysztof Komeda, slik han er portrettert på minnesmerket i Poznań.

Krzysztof Komeda, som opphavleg heitte Krzysztof Trzciński (27. april 193123. april 1969), var ein polsk jazzpianist og komponist av filmmusikk. Han er mellom anna kjend for å ha sett musikk til filmar av den vidgjetne polsk-franske filmregissøren og skodespelaren Roman Polański (som vart fødd i Paris i 1933).

Krzysztof Komeda vart fødd i Ostrów Wielkopolski i nærleiken av Poznań i Polen, og døydde i Warszawa av skadar han fekk i ei ulukke i Los Angeles i USA i desember 1968.

Komeda, som var lege og utdanna som spesialist i øyre-, nase- og halssjukdomar, debuterte som jazzmusikar i 1956 på ein liten jazzfestival i Sopot i den nordre parten av Polen, og spelte inn den fyrste grammofonplata i 1960 saman med Adam Skorupka og Andrzej Zielinski. Han var i si tid rekna som ein framifrå komponist av både jazzmusikk og filmmusikk, og komponerte mellom anna musikken til dei vidgjetne filmane Rosemary's Baby og The Fearless Vampire Killers av Roman Polanski. Det var òg for ein film av Roman Polanski, kortfilmen Dwaj ludzie z szafą (To menn og eit garderobeskap) frå 1958 at Komeda komponerte filmmusikk for fyrste gong, og som gjorde han kjend, sjølv om han allereie var godt etablert innan den polske jazzen på denne tida. Han komponerte òg musikken for Polanskis kortfilm Lampa frå 1959 og den fyrste lange spelefilmen til Polanski, Nóz w wodzie (Kniven i vatnet) frå 1962. I musikken til Kniven i vatnet kjem jazzmusikaren Krzysztof Komeda særleg klårt fram ved at musikken er komponert for eit orkester samansett av typiske jazzbandinstrument: ein saksofon, eit piano, ein kontrabass og eit trommesett. Komeda har òg sett musikk til den danske regissøren Henning Carlsens film Sult etter romanen med same namn av Knut Hamsun.

Krzysztof Komeda vitja Skandinavia fleire gonger, fyrste gongen i 1960, og har spelt på Gyllene Cirkeln i Stockholm og Montmartre jazz club i København.

Krzysztof Komeda etterlet seg ei stor mengd filmmusikk av høg kvalitet som er nytta i filmar som i mange høve står sterkt i filmhistoria, og var dessutan ein stor polsk jazzutøvar. Albumet hans, Astigmatic frå 1965, vert til dømes rekna i breie krinsar for å vere eit av dei viktigaste jazzalbuma i Europa. Likevel er han for det meste ein gløymd person i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om Krzysztof Komeda på polsk internettside