Krzysztof Zanussi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krzysztof Zanussi
Krzysztof Zanussi DSC 5408.jpg
Fødd 17. juni 1939
Warszawa
Yrke manusforfattar, filmprodusent, filmregissør, skribent
Krzysztof Zanussi på Commons

Krzysztof Zanussi (fødd 17. juni 1939 i Warszawa i Polen) er ein polsk produsent og filmregissør.

Han er professor i europeisk film ved European Graduate School i Saas-Fee i Sveits. Han er òg professor ved Det schlesiske universitetet i Katowice ( polsk Uniwersytet Śląski w Katowicach).

Han studerte fysikk ved Universitetet i Warszawa ( polsk Uniwersytet Warszawski) , filosofi ved Det jagellonske universitetet i Kraków (polsk Uniwersytet Jagielloński) og regi ved Filmhøgskolen i Łódź (polsk Państwowa Wyższa Szkoła Filmowa, Telewizyjna i Teatralna im. Leona Schillera w Łodzi). Han er direktør ved det polske filmstudioet TOR og har fått mange prisar, mellom anna David di Donatello-prisen til Accademia del Cinema Italiano.

Krzysztof Zanussi har mellom anna laga Krystallens struktur (1969), Illuminasjon (1973), Spiral (1978) og A Year of the Quiet Sun (1984), Inventory (1989), In Full Gallop (1996), The Supplement (2002) og Persona non grata (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]