Ktheju tokës

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ktheju tokës»
Song av Jonida Maliqi
Land Albania
Språk Albansk
Utgjeve 8. mars 2021
Sjanger Folk-elektronisk
Lengd 03:14
Selskap RTSH, Universal
Låtskrivar(ar) Eriona Rushiti
Produsent Enis Mullaj

«Ktheju tokës» (norsk 'vend attende til landet') er ein albansk popballade frå 2019 som vert framført av songaren Jonida Maliqi. Songen vann den albanske songtevlinga Festivali i Këngës i desember 2018 og var det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Ktheju tokës» er skriven av den albanske låtskrivaren Eriona Rushiti, og tittelen viser til albanarar og andre folkeslag som har utvandra frå heimlanda sine. Songen tek særleg for seg albanarar som har drege frå heimlandet, blant anna som følgje av Kosovokrigen.[1] Songen vert framført av songaren Jonida Maliqi og var ein av deltakarane i den tradisjonsrike songtevlinga Festivali i Këngës i regi av den albanske kringskastaren RTSH. I finalen 22. desember 2018 vann «Ktheju tokës», og vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019.[2][3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Jonida Maliqi framfører «Ktheju tokës» under ei av prøvene før semifinalen i Tel Aviv i 2019.

I januar 2019 vart Albania trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Albania hadde startnummer 14.[4] I avrøystinga vart «Ktheju tokës» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[5] I finalen vart songen nummer 17 av 26 deltakarar.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]