Kuşadası

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuşadası
by
Hamna i Kuşadası. (Foto: Dietmar Giljohann)
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Aydın
Høgd 11 moh.
Koordinatar 37°51′36″N 27°15′36″E / 37.860°N 27.260°E / 37.860; 27.260
Areal 264 km²
Folketal 64 359  (2010)
Folketettleik 244 / km²
Borgarmeister Mehmet Esat Altungün
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 09400
Retningsnummer 256
Bilnummer K 09
Kart
Kuşadası
37°51′48″N 27°16′01″E / 37.8632398°N 27.266873°E / 37.8632398; 27.266873
Wikimedia Commons: Kuşadası
Nettstad: www.kusadasi.bel.tr

Kuşadası er ein ferieby i ved kysten av Egearhavet i Tyrkia og eit distrikt i provinsen Aydın. Kuşadası ligg 95 km sør for İzmir, og 71 km frå Aydın, og nær øya Sámos. Byen har kring 65 000 innbyggjarar, men dette talet aukar til over ein halv million om sommaren på grunn av det store tilsiget av turistar og arbeidarar. Byen er eit kjent turistmål — både for dei mange strendene og som anløpsstad for cruiseskip til Efesos. Nabodistrikta er Germencik i nordaust, Söke i søraust, Egearhavet i vest og Selçuk i nord.

Kuşadası var ei lita hamn som var heilt overskugga av Efesos inntil hamna der vart ubrukande på grunn av avleiringar. Byen vart kalla Efesos Neopolis (Ἔφεσος Νεόπολις) under Austromarriket, og sidan Scala Nova eller Scala Nuova då han var under Genova og Venezia. I daglegtalen vert namnet i dag ofte korta ned til berre Ada. Namnet kjem av tyrkisk «kuş» (‘fugl’) og «ada» (‘øy’). Rett ved den gamle hamna ligg ei lita øy med ein knaus som ser ut som eit fuglehovud når ein ser det frå sjøen.

Området har vore eit senter for kunst og kultur sidan antikken og vore busett av mange sivilisasjonar sidan han vart grunnlagd av lelegarar kring 3000 fvt. Den 16. juli 2005 vart fem personar drepne og minst 13 skadde i eit eksplosjon om bord på ein minibuss der. Ein mistenkte at dette var eit terroriståtak.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Turkish resort blast kills five» (på engelsk). 16. juli 2005.