Kuşsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 40°11′N 27°58′E
Manyassjøen
Kuşsjøen
innsjø
Manyas1.JPG
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Balıkesir
Høgd 18 moh.
Koordinatar 40°11′N 27°58′E
Areal 160 km²
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lake Manyas

Kuşsjøen eller Manyassjøen (tyrkisk Kuş Gölü, som tyder fuglesjøen, Manyas Gölü) er ein innsjø vest i Tyrkia, som ligg i Bandırma-ormådet. Han er ein grunn, næringsrik ferskvassjø med ei middeldjupne på 3 meter. Han får tilførsel av vatn frå undergrunnskjelder og fire småelvar.

Manyassjøen har vore ein viktig hekkestad og overvintringsplass for vassfugl. I 1938 vart det oppretta eit naturreservat kalla Fugleparadiset av den tyske hydrologen og zoologen Curt Kosswig. Det er registrert meir enn 270 fugleartar ved innsjøen. Av viktige artar finn ein kvithodeand (Oxyura leucocephala), skjestork (Platalea leucorodia), flamingo (Phoenicopterus roseus), samt hekkande populasjonar av den sårbare krøllpelikanen (Pelecanus crispus).

Jordbruk og bygginga av ein demning i området har truga økosystemet i innsjøen. Demninga har ført til auka vassnivå slik at mange av myrområda, som er viktige for fuglane, ligg under vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kuşsjøen