Kudlik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tenning av ein qulliq i Nunavut i 1999
Kudlik av kleberstein
Seloljelampar

Kudlik (inuktitut, ᖁᓪᓕᖅ, IPA [qulːiq]), qulliq (inuinnaqtun) eller naniq (inupiaq) er ein tradisjonell oljelampe brukt av arktiske folk som inuittar, tsjuktsjarar[1] og yupikfolk.[2]

Denne karakteristiske ojlelampen gav lys og varme i det hade arktiske miljøet der ein ikkje hadde tre til ved, og der den sparsame folkesetnaden var nesten heilt avhengig av sel- eller kvalspekk. Denne lampen var den viktigaste delen av inventaret i dei tradisjonelle heimane til inuittar.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kva tid ein byrja bruka seloljelampene. Dei er ei av fleire teknologiske nyvinningar blant dei arktiske folkeslaga med ei delvis dokumentert innføring og spreiing. Ein har funne oljelamper på stader i paleo-eskimo-samfunn som er daterte tilbake til tida for Norton-tradisjonen, for 3000 år siden. Dei var ein vanleg reiskap for Dorset-kulturen og Thule-kulturen. Lampene ein laga då viste små endringar samanlikna med nyare lamper.[4]

I tradisjonell inuittisk mytologi fortel ei av sogene om sola og månen at solguden Sukh-eh-nukh — kalla MalinaGrønland — ber ein oljelampe som veltar, slik at ho får olje og sot på hendene. Ho svartnar ansiktet til broren sin, måneguden Ahn-ing-ah-neh (Anningan på Greenland og Igaluk andre stader).[5] Blant netsilikfolk i Nunavut heitte det at når folk braut visse tabu kunne sjøkvinna Nuliajuk halda alle sjøpattedyra i lampa si. Når dette skjedde måtte angakkuq be henne om å sleppa laus viltet.[6] Denne soga inspirerte ein nyårstradisjon der tre lamper blei sløkka og tente att ved fyrste soloppgang.

I tidlegare tider var bruken av lampa allsidig. Arktiske folk brukte henne til å lysa opp i og varma opp telta, dei halvunderjordiske husa og igloane dei budde i. Lampene blei også brukte til å smelta snø, laga mat og tørka klede.

I nyare tid blir lampene hovudsakleg brukt til seremoniar. På grunn av den kulturelle tydinga si er ein qulliq avbilda på våpenskjoldet til Nunavut.

Ein qulliq blei tent for å byrja innsetjingsseremonien til Mary Simon, den fyrst inuitten og urfolkspersonen som blei innsett som guvernørgeneral av Canada i Det canadiske senatet 26. juli 2021.[7]

Skildring og bruk[endre | endre wikiteksten]

Kvinne trimmar veiken til ein qulliq i Mittimatalik i Nunavut i 1950

Dei inuittiske oljelampene var for det meste laga av kleberstein, men dei blei også laga av ein særskild type keramikk.[8] Storleiken og forma kunne variera, men dei fleste lampene var anten elliptiske eller halvmåneforma.[9] Veikkuttarane eller taqquti, også kjende som lampematarar, var laga av tre, pil, kleberstein, bein eller elfenbein.[10]

Veiken var som regel laga av arktisk myrull (suputi), duskmyrull[11] og/eller tørka mose (ijju/maniq, inupiaq peqaq)[12][13] Ein tente på veiken ved kanten av lampa, og ho gav eit godt lys.[14] Over lampa kunne ein ha eit stykke spekk som smelta og tilførte lampa meir brennstoff.[15] Ein måtte passa lampa kontinuerleg ved å kutta av veiken slik at lampa ikkje laga røyk.[16]

Medan slike lamper ofte var fylte med spekk frå sel, kunne ein også bruka kvalspekk der det blei drive kvalfangst.[17] Lampa blir likevel gjerne kalla seal-oil lamp på engelsk, medan whale-oil lamp viser til ein anna form for opplysing.[18] Feitt frå karibu og andre landlevande dyr var eit dårleg alternativ, ettersom selolje var mykje meir effektivt som brennstoff i lampa. Kvinner brukte å skrapa skinnet til ein nyleg flådd sel med ein ulu for å ikkje gå glipp av noko av feittet.[15][19] Etter at selskinnet var blitt strekt og tørka skrapa ein det med ein halukhit[20] for å fjerna det tørka feittet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Edward J. Vajda, The Chukchi». Arkivert frå originalen 21 June 2018. Henta 12 July 2016. 
  2. «National Museum of the American Indian : Yup'ik (Yupik Eskimo) Lamps». 2011. Arkivert frå originalen 30. april 2011. 
  3. Joyce, T. A. & Dalton, O. M. (1910) Handbook to the ethnographical collections. British Museum. Dept. of British and Mediaeval Antiquities and Ethnography Joyce,
  4. «Far North Traditions». Arkivert frå originalen 10 September 2004. 
  5. Inuit: Finding Meaning in the Cosmos
  6. Rasmussen 1965:278
  7. Mary Simon officially becomes Canada's first Inuk Governor General
  8. Alaska Native Collections - Oil lamp
  9. «The Inupiaq and the St. Lawrence Island Yupik Cultures of Alaska». 2011. Arkivert frå originalen 5 February 2013. 
  10. Bennett, John; Rowley, Susan (19 May 2004). Uqalurait: An Oral History of Nunavut. McGill-Queen's Press. s. 302. ISBN 9780773570061. Henta 11 March 2020. 
  11. «Flora of the Canadian Arctic Archipelago». mun.ca/biology/delta/arcticf/. Arkivert frå originalen 5 June 2011. Henta 31 March 2009. 
  12. Alaska Native Collections - Oil lamp
  13. Fact Sheet: Information about the Qulliq
  14. A woman demonstrates the use of a stone oil lamp, resting on a metal stand. Gambell, 1960. Anchorage Museum
  15. 15,0 15,1 «Eskimos and the Long Winter Darkness». Arkivert frå originalen 28 July 2012. 
  16. Peary, Josephine; Ahnighito, Marie (1903). Children of the Arctic. New York: F. A. Stokes Company. OCLC 6534622. 
  17. «Glossary Kudlik». Macdonald Stewart Art Centre. Arkivert frå originalen 30 September 2003. Henta 31 March 2009. 
  18. Antique Whale Oil Lamps - Demonstration
  19. Kunuk, Zacharias (10 May 2019). Silakut Live From the Floe Edge Episode 3, Life at the Floe Edge. 8 minutt frå start. 
  20. «Ulukhaktok, Inuvialuit Settlement Region». 2021. Henta 11 May 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Knud (1926). Thulefahrt. Frankfurt am Main: Frankurter Societăts-Druckerei.