Kufi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aliu Amadu Jallo med kufi.

Kufi er ei rund lue utan brem, eller kalott, som blir brukt av menn tilknytte Vest-Afrika. Ho kan brukast av både muslimar, kristne og jødar. Ein kufi kan symbolisera alder og visdom, og høyrer til den tradisjonelle klesdrakten i fleire afrikanske land. Lua kan lagast i ulike materiale og utformingar.

Ei tilsvarande lue brukt i Aust-Afrika blir kalla kofia og i Nord-Afrika chechia. Plagget kan brukast som taqiyyah, muslimsk bønnelue.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kufi