Kujto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtre Kujto
innsjø
Outline Map of Kalevalsky District (Karelia).svg
Land Flag of Russia.svg Russland
Høgd over havet 101 moh
Areal 257 km²
Koordinatar 65°7′0″N 31°15′0″EKoordinatar: 65°7′0″N 31°15′0″E

Kujto (russisk Куйто; finsk Kuittijärvet) er tre innsjøar i Republikken Karelen, nordvest i Russland. Kujtosjøane er knytt til kvarande gjennom naturlege kanalar og vert nytta til tømmerfløyting.

  • Øvre Kujto (russisk Верхнее Куйто, finsk Ylä-Kuittijärvi) ligg ved 65°3′N 30°45′E. Han har eit areal på 198 km², og ligg 103 meter oevr havet. På det djupaste er han 44 meter.
  • Midtre Kujto (russisk Среднее Куйто, finsk Keski-Kuittijärvi) ligg ved 65°7′0″N 31°15′0″E og har eit areal på 257 km², ligg 101 meter over havet og er 34 meter på det djupaste.
  • Nedre Kujto (russisk Нижнее Куйто}}, finsk Ala-Kuittijärvi) ligg ved 64°55′0″N 31°45′0″E og har eit areal på 141 km², ligg 100 meter over havet og har eit største djup på 33 meter. Det vart bygd ei demning ved utløpet frå Nedre Kujto i 1956. Elva Kem renn vidare får innsjøen.

Det er mange øyar i Kujtosjøane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]