Kulak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kulakk)
Sovjetisk propagandaplakat som krev at «kulaker» må vekk frå kollektivbruka.

Kulak (russisk кула́к, kulak, polsk kułak) var eit omgrep brukt om delar av bondestanden i Det russiske keisarriket, Sovjet-Russland og Sovjetunionen. Ordet kulak betyr «neve».[1]

Opphavleg vart ordet kulak brukt av bondestanden for å visa til folk som utnytta andre, til dømes (ågermenn, framleigarar osb.), og sjølv ein gründerbonde som dreiv med innleigd arbeidskraft var ikkje i deira augne ein kulakk.[1] Seinare vart omgrepet teke i bruk av bolsjevikane i marxistisk forstand for å visa til einkvar velståande bonde. Dei gjorde det synonymt med omgrepet kapitalist på det feilaktige grunnlaget at bruken av innleigd arbeidskraft i bondejordbruk var ei form for kapitalisme.[2] Seinare under Josef Stalin vart omgrepet «kulak» brukt om alle småbrukarar, og gjennom kollektiviseringa søkte regimet «utrydding av kulakane som klasse».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Figes, s. 91 (fotnote)
  2. «Великая Октябрьская социалистическая революция». Энциклопедия. 3-е изд., доп. М., 1987. С. 262; Краткий политический словарь. 2-е изд., доп. М., 1980. С. 207; Трапезников С. П. Ленинизм и аграрно-крестьянский вопрос: В 2 т. М., 1967. Т.2. «Исторический опыт КПСС в осуществлении ленинского кооперативного плана. С. 174.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Figes, Orlando (2014), A People's Tragedy: The Russian Revolution 1891–1924, London: The Bodley Head, ISBN 9781847922915