Kuleledd
Kuleledd (articulatio sphaeroidea) er synovialledd der leddflata på ein rund knokkel fyller søkket i ein annan. Den fjerne knokkelen kan dreie rundt fleirfaldige aksar frå eit felles midtpunkt, langs fleire plan og i mest alle retningar.
Ein enartrose (articulatio cotylica) er ein type kuleledd der leddpanna dekker meir enn halve leddhovudet. Hofteleddet er ein enartrose.[1][2]
Døme på kuleledd finn ein i hofta, der lårbeinshovudet kviler i den koppaktige leddpanna til bekkenet, og i skulderleddet i skuldra, der humerushovudet kviler i cavitas glenoidalis på skulderbladet. Det kan nemnast at skuldra også inneheld sternoklavikularleddet, som er eit sadelledd.
Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]
Hofteleddet. Ein kan sjå at leddpanna i bekkenet (acetabulum) strekker seg forbi ekvator i lårbeinshovudet (>180 °), så dette kuleleddet blir gjerne kalla ein enartrose.
Skuldra sett frå framsida. Skulderbladet til høgre og overarmsbeinet til venstre. Mellom desse ligg ein stor leddpose, som verkar som ei pute mellom knoklane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Ball and socket joint» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2015.
- ↑ Holck, Per (1. februar 2015). «enartrose». Store medisinske leksikon. Henta 9. april 2015.
- ↑ Platzer, Werner (2008) Color Atlas of Human Anatomy, volum 1, s. 28.