Kulta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kulta er eit nordnorsk kompetansesenter i sirkus, teater og sceneteknikk i Tromsdalen i Troms. Senteret vert leia av Bente Reibo og blei oppretta gjennom eit vedtak i kommunestyret i 1992, då kalla for Tromsdalen Kulturhus som blei ein stad for teater- og sirkusgrupper, ungdomsklubb, rockeklubb og tryllekunstnarar. Dei ulike aktivitetane er ein del av kulturskuletilbodet i Tromsø kommune.

Sirkus[endre | endre wikiteksten]

Nysirkusprosjektet[endre | endre wikiteksten]

Kultas kompetanse på sirkustrening er bygd opp over ein tiårsperiode. Særleg dei siste to til tre åra har denne utviklinga skote fart. I 2002 initierte senteret «Nysirkusprosjektet», ei satsing på sirkus som også har teater. Så langt har huset produsert to større nysirkus-framsyningar, Liv i 2002 og Ur i 2004. Den fyrste profesjonelle framsyninga, Sirkusgåter hadde premiere hausten 2004.

Sirkusskulen[endre | endre wikiteksten]

Kulta har ansvaret for åtte sirkusgrupper med til saman rundt 90 elevar i alderen 6-17 år. Gruppene er inndelt etter alder og på timeplanen står ulike sirkusdisiplinar som golvakrobatikk, luftakrobatikk og sjonglering, men også fysisk spel, koreografi, framsyningsavvikling og sikkerheit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]