Kulturdepartementet
Kultur- og kyrkjedepartementet er eit norsk departement med ansvar for kultur-, kyrkje-, medie-, idretts- og lotterisaker.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818.
- Under Kåre Willoch si regjering blei altså dette departementet i 1982 delt og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.
- I 1990 blei dei to departementa reorganisert. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
- I 1991 blei kyrkjesakene flytta, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
- Frå 1. januar 2002 vart dette endra på nytt, og namna på departementa vart Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
I samband med omorganiseringa av Regjeringa Stoltenberg II vart det bestemt å flytte kyrkjesakene over til det som då blir Fornyings- og kyrkjedepartementet med verknad frå 1. januar 2010. Namnet på departementet blir frå same tidspunkt Kulturdepartementet.
Organisasjon[endre | endre wikiteksten]
Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]
Frå 20. oktober 2009:
- Kulturminister: Anniken Huitfeldt, Ap
- Statsråd for kyrkjesaker: Rigmor Aasrud, Ap
Avdelingar[endre | endre wikiteksten]
Departementet har 5 fagavdelinger, statsrådseksjonen og informasjonseininga.
- Administrasjons- og økonomiavdelinga
- Idrettsavdelinga
- Samfunn og friviljugavdelinga
- Kyrkjeavdelinga
- Kulturavdelinga
- Medieavdelinga
Underliggande etatar[endre | endre wikiteksten]
- Lotteritilsynet
- ABM-utvikling
- Arkeologisk museum i Stavanger
- Bunad- og folkedraktrådet
- Nasjonalbiblioteket
- Norsk kulturråd
- Norsk lokalhistorisk institutt
- Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
- Språkrådet
- Arkivverket
- Rikskonsertane
- Riksteatret
- Riksutstillingar
- Kunst i offentlige rom
- Medietilsynet
- Norsk filmfond
- Norsk filminstitutt
- Norsk filmutvikling
- Det praktisk-teologiske seminar
- Kyrkjerådet
- Opplysningsvesenets fond
- Den norske kyrkja sine biskopar og bispedømmeråda
Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]
Statsråd og sjef for departementet (kultur- og kyrkjeminister) er frå 20. oktober 2009 Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Sjå også[endre | endre wikiteksten]