Kultur i 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

< 1969 >

kulturår
1967 | 1968 | 1969 | 1970 |1971
Kategoriar
Sovjetisk frimerke gjeve ut til den internasjonale ballettkonkurransen i Moskva i 1969.

Kultur i 1969 gjev eit oversyn over kulturhendingar på ulike felt i 1969.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Prisar:

Utgjevingar:

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Frå Woodstock-festivalen.
Foto: Derek Redmond og Paul Campbell

Den kjende Woodstock-festivalen, som trekte nesten ein halv million, fann stad på ein gard i Bethel i New York i august. Under Isle of Wight-festivalen i Storbritannia opptrådde Bob Dylan for første gong sidan ei motorsykkelulukke i 1966. Også Elvis Presley vende tilbake til konsertlivet med 57 populære opptredenar i Las Vegas.

John Lennon og Yoko Ono heldt ein «bed-in» i Montreal i Canada og spelte inn «Give Peace a Chance» med melloma anna Tommy Smothers og Timothy Leary.

Under ein konsert med Rolling Stones i Altamont i California blei ein fan blei drepen av Hells Angels, ein motorsykkelgjeng som var blitt hyra som tryggleiksvakter. Seinare er hendinga blitt peika på av nokre kommentatorar som slutten på hippietida.

Creedence Clearwater Revival bygde på suksessen frå føre året med fleire albumutgjevingar og hitsongar. Dei fekk hitsongar med «Proud Mary», «Green River», «Bad Moon Rising» og «Down on the Corner»/«Fortunate Son».

Gilberto Gil og Caetano Veloso gav ut kvart sitt album med den nye musikktypen tropicali, ei blanding av bossanova, samba og andre brasilianske musikkstilar som gjorde stor suksess i heimlandet Brasil. Begge musikarane flytta til London etter å ha vore fengsla for verksemd mot regimet i heimlandet.

David Bowie gav ut debutsingelen «Space Oddity» om lag samstundes med den amerikanske månelandinga, og fekk ein stor hit. Resten av albumet Man of Words/Man of Music var lite tilgjengeleg for det store lag av lyttarar, men la grunnlaget for Bowie sin seinare store popularitet.

Bob Marley & the Wailers gav ut debutalbumet Soul Shakedown som fekk lite merksemd elles i verda, men byrja gruppa sin status superstjerner i heimlandet Jamaica. Musikken var meir ska enn reggae.

The Jackson 5 gav ut førstealbumet sitt, Diana Ross Presents The Jackson 5.

Skipinga av gruppene Masjina Vremeni i Russland, Black Sabbath, Judas Priest, Mott the Hoople Mott the Hoople og Steeleye Span i Storbritannia og The Doobie Brothers i USA

Kjelder[endre | endre wikiteksten]