Kultur i 1988

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

< 1988 >

kulturår
1986 | 1987 | 1988 | 1989 |1990
Kategoriar

Kultur i 1988 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1988.

Christian Matras var ein av fleire færøyske forfattarar som blei heidra på frimerke i 1988. Matras døydde seinare dette året.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Prisar: Naguib Mahfouz vann Nobelprisen i litteratur

Utvalde utgjevingar: Cat's Eye (Katteøyet) av Margaret Atwood, Nervous Condition av Tsitsi Dangarembga, The Fifth Child av Doris Lessing, The Satanic Verses (Sataniske vers) av Salman Rushdie, O Alquimista (Alkymisten) av Paulo Coelho, Sourcery og Wyrd Sisters av Terry Pratchett

Skodespelet M. Butterfly av David Henry Hwang hadde premiere på Broadway.

Norske utgjevingar: Adams dagbok av Knut Faldbakken, Herman av Lars Saabye Christensen, Hudløs himmel av Herbjørg Wassmo, Hvem har ditt ansikt? av Liv Køltzow, Maria, Maria av Anne Karin Elstad, Oda! av Ketil Bjørnstad, Små nøkler, store rom av Bjørg Vik

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Kø for ein Michael Jackson-konsert i Berlin i juni 1988.

Roy Orbison opplevde ny popularitet med fjernsynskonserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night, som blei send i USA i januar dette året. Samarbeidsprosjektet Traveling Wilburys Vol. 1 steig på listene og det nye albumet hans, Mystery Girl, var ferdig i november. Utamatta av innspelingar, reising og konsertar døydde han i desember av eit hjarteattakk. Hendinga blei slått stort opp over heile verda.

Utvalde utgjevingar: Eponymous og Green av R.E.M., I'm Your Man av Leonard Cohen, Tracy Chapman av Tracy Chapman, Seventh Son of a Seventh Son av Iron Maiden, ...And Justice for All av Metallica

Turnéar: Amnesty International arrangerte ein Human Rights Now-turné med fleire artistar, Metallica utførte sin Monsters of Rock-turné, Michael Jackson sin BAD Tour og George Michael sin Faith Tour.

Døde: Ciaran Bourke, artisten Divine, Andy Gibb, Radamés Gnattali, Sylvester James, James McCracken, Roy Orbison, Giacinto Scelsi, Kaikhosru Shapurji Sorabji, Lord Melody, Henryk Szeryng, Jaromír Vejvoda, Mogens Wöldike

Kjelder[endre | endre wikiteksten]