Kultur i 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

< 1997 >

kulturår
1995 | 1996 | 1997 | 1998 |1999
Kategoriar

Film[endre | endre wikiteksten]

Titanic blei den første filmen som tente inn over ein milliard dollar. Andre storinntenande engelskspråklege filmar dette året var The Lost World: Jurassic Park, Men in Black, James Bond-filmen Tomorrow Never Dies, Air Force One, As Good as It Gets, Liar Liar, My Best Friend's Wedding, The Fifth Element og The Full Monty.

Musikkgruppa Spice Girls prega også andre media. Dei var med på opninga av den nye britiske fjernsynskanalen Channel 5 og vitja filmfestivalen i Cannes for å fortelja om den komande filmen sin, Spiceworld: The Movie. Filmen hadde premiere den 26. desember og tente inn 6,8 millionar pund den første veka.

Star Wars-trilogien blei gjenutgjeven i ny utgåve, og ein tok til å laga Star Wars Episode I: The Phantom Menace.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Den britiske jentegruppa Spice Girls prega popverda og media. Dei opptrådde på BRIT Awards i februar og vann to prisar, for «Wannabe» som beste singel og med beste video til «Say You'll Be There». Då veldedigheitssingelen «Mama/Who Do You Think You Are» kom inn som nummer ein på singellista UK Top 40 i mars blei dei den første gruppa som hadde hatt fire singlar på førsteplassen på rad. I USA nådde også albumet deira Spice førsteplassen på albumlista, den første britiske debutplata til å gjera dette. I november kom albumet deira Spiceworld, som også kom inn på den amerikanske lista. Spice Girls blei den første gruppa sidan The Beatles som hadde to album på denne samstundes. I mai opptrådde Spice Girls live for første gong på jubileumskonserten til Prince's Trust i Manchester Opera House. Dei braut kongeleg protokoll ved å kyssa og klypa prinse Charles. I november kutta Spice Girls ut manageren sin, Simon Fuller.

Amerikansk austkyst-hiphop frå Bad Boy Records gjorde det godt på hitlistene. Puff Daddy nådde førsteplassen med sine singlar «Can't Nobody Hold Me Down» og «I'll Be Missing You» til minne om The Notorious B.I.G., som var blitt skoten på veg heim frå Soul Train Music Awards. Notorious B.I.G. sjølv fekk også to posthume førsteplasseringar med «Hypnotize» og «Mo Money Mo Problems», der Puff Daddy også var med.

Shania Twain gav ut albumet Come on Over som selde over 34 millionar eksemplar, det bestseljande country-albumet og det bestseljande albumet til ein kvinneleg artist nokonsinne.

Den britiske gruppa Oasis gav ut sitt tredje album, Be Here Now. Det blei eit av verdas raskast seljande musikkalbum med 695 761 eksemplar selde i Storbritannia den første veka. Radiohead gav ut kritikarroste OK Computer. The Verve gav ut release Urban Hymns.

Dei største hitsongane på listene i verda var «I'll Be Missing You» av Puff Daddy og Faith Evans, «Candle in the Wind '97» av Elton John, skriven til prinsesse Diana si gravferd, «Barbie Girl» av Aqua, «Don't Speak» av No Doubt og «Mmmbop» av Hanson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]