Kulturformidlingen norrøne tekster og kvad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kulturformidlingen norrøne tekster og kvad er eit privat føretak som i hovudsak driv internettprosjektet «norrøne tekster og kvad» på heimskringla.no. Prosjektet har til føremål å formidle norrøn litteratur på internett. I tillegg til kjeldetekstar på originalspråket vil ein kunne finne ulike omsetjingar til nyare skandinaviske språk, klassiske vitskaplege tekstar og anna bakgrunnsmateriale, i hovudsak eldre materiale frå før 1900.

Prosjektet vart fyrst starta i 1997, men opna for publikum på adressa www.heimskringla.no i august 2005 etter å ha gjennomgått ei kraftig oppdatering. Prosjektleiar og eigar er islendingen Jon Julius Sandal. I 2002 vart «Kulturformidlingen Norrøne Tekster og Kvad» registrert i Einingsregisteret som eige føretak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]