Kulturlandskapet på Södra Öland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kulturlandskapet på Södra Öland
UNESCO si liste over verdsarv
Öland Gettlinge.jpg
Gravfelt ved Gettinge med steinar sett opp i form av eit skip
Land: Sverige Sverige
Stad: Öland
Flag of UNESCO.svg Innskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000.
Referansenr. 968.
Kriterium: KULTUR (IV)(V)
Sjå òg Verdsarvstader i Norden
Bakgrunnsstoff UNESCO: Kulturlandskapet på Södra Öland

Kulturlandskapet på Södra Öland (svensk språk: Södra Ölands odlingslandskap) er eit område som omfattar 56 000 hektar sør på øya Öland i Sverige. I området har det vore verksemd knytt til landbruk heilt sidan steinalderen (3000 f.Kr.-1800 f.Kr.). Kulturlandskapet har spor av mykje menneskeleg aktivitet i form av byar, jordbruk og gjeting av buskap.

Kulturlandskapet er av UNESCO teke med på lista over verdsarv. Aust for området ligg Stora alvaret, som også kom med på UNESCO si verdsarvliste i 2000.

Området fell for ein stor del saman med kommunen Mörbylånga kommun. Sokna i nord Torslunda, Glömminge, Algutsrum, Norra Möckleby og Gårdby er ikkje med i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kulturlandskapet på Södra Öland