Kulturpalasset i Warszawa
Utsjånad
| Kulturpalasset i Warszawa | |||
| | |||
| Stad | Śródmieście, Warszawa | ||
|---|---|---|---|
| Arkitekt | Lev Rudnev | ||
| Opna | 22. juli 1955 | ||
| Stil | Sosialistisk realisme | ||
![]() Kulturpalasset i Warszawa 52°13′54″N 21°00′23″E / 52.231666666667°N 21.006388888889°E | |||
Kulturpalasset i Warszawa, eller palasset for kultur og vitskap (Pałac Kultury i Nauki, PKiN) i Warszawa i Polen, er eit stort kulturhus i form av ein skyskrapar. Kulturpalasset er døme på stalinistisk arkitektur, eller sosialistisk realisme. Palasset vart bygd som ei gåve frå Josef Stalin til innbyggjarane i byen. Bygginga starta i 1952 og var ferdig i 1955. Kulturpalasset er mykje nytta som eit utkikkspunkt over byen.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Kulturpalasset ved skumringstider
- Panorama
- Kulturpalasset om natta
