Kulturrevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kulturrevolusjonen var ein politisk kampanje i Folkerepublikken Kina som vart iscenesett av Mao Zedong, dåverande leiar for Det kinesiske kommunistpartiet. Kampanjen vart innleidd i 1966 og hadde sin mest intensive fase til året 1969, men var ikkje endeleg slutt før med Mao sin død i året 1976. Det offisielle føremålet var å fornye og spreie revolusjonen til alle delar av det kinesiske samfunnet. Kampanjen vart driven gjennom med støtte av dei unge idealistiske «raudegardistane» og ei gruppe med lojale Mao-tilhengarar i partileiinga.

Bakgrunnen for kulturrevolusjonen meiner dei fleste historikarar var Mao sin svekte maktposisjon i leiinga etter problem i samband med kollektiviseringa av jordbruket og Det store spranget. Gjennom å vende seg direkte til folket kunne Mao utmanøvrere motstandarane sine i partileiinga. Dei som vil sjå meir idealistiske føremål meiner at Mao ottast at den kinesiske revolusjonen skulle stagnere slik som i Sovjetunionen og at han ville hindre dette.

Kampanjen vart innleidd på eit møte i sentalkomitéen i 1966.Mao gjennomførte eit kupp gjennom å gi eit stort tal aktivistar som ikkje var representantar i komitéen lov til å vere til stades. Mao sitt viktigaste middel for å gjennomføre kulturrevolusjonen var «raudegardistane», ein milits beståande hovudsakleg av storbyungdomar som sidan for det meste tok seg rundt med tog i heile landet, og med jamne mellomrom heldt gigantiske møte i Beijing.

Kulturrevolusjonen hadde som eitt av sine fremste offisielle mål å utrydde «borgarleg» tenking og erstatte denne med «sosialistisk» tenking. Mange menneske, som den seinare leiaren Deng Xiaoping, vart i omgangar utfrosne og kritiserte. Høgare utdanning slutta å fungere, og «raudegardistane» gjekk til åtak på forskarar med påståtte «borgarlege» tendensar.

Mao Zedong erklærte offisielt kulturrevolusjonen for avslutta i 1969, då landet var på veg mot fullstendig kaos. Men det er eit vanleg syn at kulturrevolusjonen først definitivt var over då Mao døydde og «firarbanden» vart arrestert i 1976. I det post-maoistiske Kina talar dei om kulturrevolusjonen som «dei ti tapte åra» eller «ti år av kaos», og denne tida blir òg bruka som eit argument mot dei som meiner at Kina har innført for mykje marknadsøkonomi.

Anslag over dødsoffera er ifølgje ulike vestlege og austlege kjelder om lag 500 000 i dei verkelege kaosåra 1966-1969. Somme av desse var menneske som ikkje var i stand til å tole den grufulle torturen dei vart utsette for, og det tapte framtidshåpet, slik at dei gjorde sjølvmord.

Kjelder: Svensk wikipedia og Engelskspråkleg wikipedia