Kulturskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kulturskule er ein skule for undervising av særleg barn i ulike kunstartar, som musikk, biletkunst, dans og drama.

Kulturskular i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Alle norske kommunar skal ha eit kulturskuletilbod, enten åleine eller som eit samarbeid mellom fleire kommunar.[1]

Tilbod[endre | endre wikiteksten]

Kommunane eig og er ansvarlege for drifta av kulturskulane. Dei bestemmer sjølve innhald og omfang av tilbodet. Målet er å tilby opplæring innan kunst- og kulturfag tilpassa dei einskilde aldersgruppene. På den måten skal elevane oppnå estetisk, sosial og kulturell kompetanse, og utvikla evna til kritisk refleksjon og sjølvstendige val.

Kulturskulane skal ta hand om både breidde og talent, og ha eit variert tilbod, til dømes innan musikk, dans, teater, visuell kunst og skapande skriving.

Samarbeid med skulane[endre | endre wikiteksten]

Kulturskulane vil ofte samarbeide med og er gjerne òg samlokalisert med skulane, og deler då på rom og utstyr. Kunnskapsdepartementet legg opp til at barnehagar og skular skal bruke ressursane i og samarbeide med kulturskulen.[2]

Det er ikkje uvanleg at kulturskulelærarar òg underviser i skulane. Kulturskulane kan òg samarbeide med lokale korps, SFO/AKS og Den kulturelle skulesekken.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kulturskolen», www.udir.no (på norsk bokmål), henta 3. mai 2021 
  2. «Skaperglede, engasjement og utforskertrang» (PDF). Kunnskapsdepartementet. Henta 3. mai 2021. 
  3. Den kulturelle skolesekken | DKS i skulen, henta 3. mai 2021