Kundts røyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning frå den originale artikkelen til Kundt frå 1866 i Annalen der Physik, som syner Kundts røyr (fig. 6 & 7, øvst) og pulvermønstra som vart skapt i røyret(fig. 1, 2, 3, 4).

Kundts røyr er eit apparat som blir til brukt å måle bølgjelengda for lydar i luft og andre gassar. Apparatet består av eit glasrøyr med litt lett pulver. Ved hjelp av ein tone blir det skapt ei ståande bølgje i gassen i røyret. Då vil pulveret samle seg på stader med minst partikkelrørsle i bølgja, det vil sei i knutepunkta, som ligg i ein halv bølgjelengd avstand frå kvarandre.

Apparatet vart konstruert av den tyske fysikeren August Adolph Eduard Eberhardt Kundt (1839–94) som var professor i Strasbourg i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]