Kunduz-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kunduz
Kunduz (4325431032).jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Areal 8 040 km²
Folketal 953 800 (2012[1])
Kunduz in Afghanistan.svg
Wikimedia Commons: Kunduz Province

Kunduz-provinsen er ein av dei 34 provinsane i Afghanistan. Han ligg nord i landet, rundt provinshovudstaden Kunduz. Provinsen grensar til Tadsjikistan i nord. Folketalet i Kunduz-provinsen er rundt 953 800.[1]

Landskapet er dominert av elvedalen rundt Kunduz-elva, som renn frå sør til nord der ho renn ut i Amu-Darja, som dannar grensa mellom Afghanistan og Tadsjikistan. Ei ny bru krysser elva ved Shir Khan Bandar. Kunduz-elva med bielvar og kanalar gjev vatn til kunstig vatna åkrar i den jordbruksdominerte provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Settled Population of Kunduz province by Civil Division, Urban, Rural and Sex-2012-13» (PDF). Islamic Republic of Afghanistan: Central Statistics Organization. Henta 2014-01-17.