Kunstig horisont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kunstig horisont med visarar for glidebanen og linja til rullebanen for instrumentslanding.
Det indre av ein kunstig horisont.

Ein kunstig horisont er det meste sentrale instrumentet i eit fly for instrumentflyging. Instrumentet viser om nasen av flyet peikar mot horisonten, oppover eller nedover. Det viser òg om vengjene er horisontale eller om den eine vengja peikar nedover eller oppover.

Instrumentet er eit gyroskop med vertikal akse og vert anten driven av undertrykk frå forgassaren, frå ei eiga pumpe, frå eit utvendig venturirøyr som hentar luftstraumen frå propellen eller han kan drivast elektrisk.

Vanlegvis kan ein sjå ei øvre blå sone og ei nedre brun sone med ei horisontlinje imellom. Når horisontlinja er høgt oppe peikar nasa på flyet nedover, og omvendt peikar ho oppover når horisontlinja er lågt nede. Når horisontlinja er på skrå oppover mot høgre, peikar høgre venje nedover. Det er markeringar på instrumentet som viser når krengninga er 30 og 60 gradar.

Midt i instrumentet er det vanlegvis eit miniatyrfly som kan verta litt justert opp og ned, men elles står stille.

På russiske fly vert krengninga vist ved at det vesle flyet krenger sideveges. Då er horisonten bevegeleg opp og ned, men ikkje på skrå.

Nokre kunstige horisontar som ikkje er berekna for akrobatikkflyging toler ikkje meir enn ei viss mengd gradar krengning. Ved meir uvanlege stillingar enn dette vert gyroen sett ut av stilling og vert ubrukeleg til han er stilt igjen.

I nyare passasjerfly og enkelte småfly er det dei siste åra meir vanleg med ein eller fleire dataskjermar som viser informasjonar som på eldre fly vert vist på mange enkelt-flyinstrument. Dette vert kalla «glascockpit».

I nyare fly har den kunstige horisonten sentral plass på dashbordet i ei T-form med høgdemålar til høgre, fartsmålar til venstre og gyrokompass nedanfor. I tillegg er det vanleg med krengingsmålar ned mot venstre og vertikalhastighetmålar ned mot høgre. I fly med glascockpit kan ein vanlegvis sjå denne informasjon på den meste sentrale skjermen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]