Kunstig nevralt nettverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diagram over eit kunstig nevralt nettverk med to lag. Dette nettverket har tre knutar for inndata (raude), fire løynde knutar (blåe) og to knutar for utdata (grøne). Pilane viser kva stigar og retning informasjonen kan ta i nettverket

Kunstige nevrale nettverk er ein type maskinlæringsalgoritmar som er inspirert av måten hjernar verkar på. Slike nettverk er sette saman av knutar (nodar) med lenkjer mellom visse par av knutane. Kvar lenkje har ei vekt som seier kor mykje inndataet frå sendarknuten skal telja i vidare utrekningar i mottakarknuten.

Kunstige nevrale nettverk er ein type «svart boks»-algoritme der det typisk er vandt for eit menneske å tolka modellane som algoritmen lagar for å kunna gje utdataa sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brett Lantz (oktober 2013). Machine Learning with R. Packt Publishing. s. 205–208.