Kunstindustrimuseet i Oslo

Koordinatar: 59°55′5.6136″N 10°44′34.638″E / 59.918226000°N 10.74295500°E / 59.918226000; 10.74295500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′5.6136″N 10°44′34.638″E / 59.918226000°N 10.74295500°E / 59.918226000; 10.74295500

Kunstindustrimuseet i Oslo

Foto: Michal Klajban
StadSt. Olavsgate 1, Oslo
Skipa1876
Kart
Kunstindustrimuseet i Oslo
59°55′06″N 10°44′35″E / 59.9184°N 10.7431°E / 59.9184; 10.7431

Kunstindustrimuseet i Oslo, skipa 1876, var eit av dei eldste kunstindustrimusea i Europa. Museet vart stengt 16. oktober 2016 for å verta del av det nye norske Nasjonalmuseet.[1] Kunstsamlingane vart flytta til Nasjonalmuseet på Vestbanen, der samlinga frå Kunstindustrimuseet har vore tilgjengeleg sidan 2022.[1]

Museet hadde samlingar av eldre norsk og internasjonal kunstindustri. Samlingane omfatta mellom anna eldre tekstilkunst med riksklenodiet Baldisholteppet, norsk sølv, fajanse og glas frå 1700-talet, og dessutan kongelege drakter frå 1896 og framover. I dei seinare åra har samtida og den nære fortid vore det viktigaste satsingsområdet til museet, noko som har vist seg både gjennom innsamlings- og utstillingsverksemd. Typisk for denne utviklinga var museet si basisutstilling «Designar og kunsthandverk 1905–2005».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Professor Lorentz Dietrichson tok initiativ til skipinga av museet, og dagleg leiar frå starten var Henrik A. Grosch. Han la vekt på innsamling av norsk folkekunst, mellom anna som ledd i arbeidet for å fremje husfliden. Kunstindustrimuseet dreiv i mange år kursverksemd i treskjæring, veving osb. omkring i Sør-Noreg, og museet spela ei sentral rolle ved skipinga av Den Norske Husflidsforening. Samlingane av norsk folkekunst vart for ein stor del overført til Norsk Folkemuseum i 1950-åra.

Museet flytta i 1904 saman med Statens håndverks- og kunstindustriskole i ein monumental bygning i Oslo. Arkitektar for bygget var Adolf Bredo Greve og Ingvar M. O. Hjorth. 1. juli 2003 vart museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Biblioteket og kontora vart samlokaliserte med dei øvrige institusjonane som skulle danna det nye Nasjonalmuseet i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Graatrud, Gabrielle (16. juni 2016). «Kunstindustrimuseet stenger dørene - men pakkinga tar tre år». Dagbladet.no. Dagbladet. Henta 2. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]